Szerkesztő:Dencey

A Wikipédiából, a szabad enciklopédiából
Vörös horizont

Statisztika

Landet i høgda

…Eg ottast ei! — mitt land finst alt

meir vernande enn alle fjell.

Eg går omkring og ser på ting

og væpna sterkt, med ord: eit vell.


Fortelje kor det landet finst

som er så trygt? Eg opnar meg.

Muml fram eit vers av Petőfi:

Ein tryllering slær krans om deg.


Og vart vi herja nok ein gong

av tartar- eller kræmarkrek,

og vegar atter vrir på seg

lik ormar som ein hard fot tek:


med auga lukt, sei i deg sjølv

dei ord som ein gong verkeleg

av flygesand, av folk og hus

let landet Ungarn reise seg……